Velkomen til

Hjelle Hotel

«Nei aldri eg gløymer den glitrande fjord,
som sylvblank der inn gjennom fjellheimen for
 …»

– Amund Mork

Start video

Romantiske rom og

økonomi rom

Hotellrom

Hovudbygget består av eit gammalt trebygg i sveitserstil frå 1896 og eit betongbygg frå 1962. Totalt er det 16 rom i ein romantisk stil. Vi har fleire priskategorier. Rom med balkong, mini-balkong, suite og enklare rom. Alle har dusj og WC.

w_IMG_0957_motellrom sittegruppe
Motellrom / økonomirom

På motellet er det 12 små dobbeltrom med dusj og WC. Romma har flott utsikt over det vakre Oppstrynsvatnet, og det er eit flott hageareal direkte utanfor rommet. Det er eit flott uteområde ved vatnet og direkte inngong frå hagen.

Historie

Familien Hjelle har vore vertskap i over 125 år. Då Strynefjellsvegen opna i 1894 såg Thor Hjelle, oldefar til dagens vert, Lorentz Hjelle, at her var naturleg å bygge eit hotell.

Middag

Vi serverer middag på kvelden og har normalt 2 bordsete kl. 19:00 og 20:00. Bordbestilling seinast kl. 16:00. Middagen er diverre kun for overnattingsgjester.

Frukost

Frukostbuffet er inkludert og ope frå 08:00-10:00

Aktivitetar og Opplevingar

Hjelle ligg i indre Nordfjord, midt i eit naturskjønt område. Flotte turmuligheter, sykkelstiar, – kort avstand til kjente naturattraksjonar som Geiranger, Loen Skylift og Briksdalen. Første halvdel av sommaren er det også gode skimuligheiter.

Luftfoto Hjelle
El-bil ladar – Destinasjonsladar
Vi har fått 3 stk. destinasjonsladarar som står på vestsida av hotellet på husveggen til Hjellevegen 238. Det er sjølvbetjening / pålogging via Plugpay.no. Du kan betale med Vipps eller kredittkort.

Gamlebutikken

på Hjelle

Gamlebutikken på Hjelle er en liten kafe med en stor utsikt over vatn, bre og fjell. Gamlebutikken er frå 1882 og er drevet av same Hjelle familien. Vi tilbyr enkelt kaffemat (smørbrød, suppe og kake) samt lokale brukskunst, kunst og engelsk porselen. Velkommen til kaffekos med atmosfære!