Guida turar til Erdalen


thumb Erdalssetra bilde 1024

             BLI MED MEG PÅ SETRA!

Eg tilbyr guida ‘rusletur’ til Erdalsetra i Oppstryn, kvar tirsdag i juni, juli og august. Vi går frå Greidung, som er inste garden i dalen. Vegen er ca. 4 km. lang og tek 40 minutt i vanleg tur-tempo, men vi brukar meir tid. Vi VIL bruke god tid, så vi kan snakke om forskjellig; om kulturlandskapet vi går i, om historia i dalen vår, om jordbruk før og no, om plantar, dyr og  geologi, ja om alt som folk kan ha lyst til å vite. Eg er oppvokst i dalen, og veit litt om alt. Seterdalen ligg i Jostedalsbreen Nasjonalpark.

Når vi kjem på setra, kviler vi ei stund i selet som familien min eig. Her kan vi ete nista, slappe av og prate om livet på setrane før og no, og om kva som helst anna. Er det kjølig - som det kan vere heile sommaren - fyrer vi i omnen. Er det fint ver, kan vi gå og helse på kyrne som beiter omkring setra, eller vi kan gå vidare til Vesledalssetra som ligg ein halvtimes veg vidare innover i dalen. På Vesledalssetra har vi DNT-turisthytte, herifrå går det turstiar vidare inn til breen.

Men vi går ikkje lenger, for vi er ‘sakte-gåande’. Eg likar sjølv å ha god tid i naturen, å nyte sjølve turen. Ein treng ikkje vere godt trent for å vere med. Stigninga er moderat og stien er fast og god å gå på. Vanlege klede og lette tursko går fint, men ein bør (som på alle turar) ha med noko ekstra i sekken. Det kan vere vått og kjølig, og når ein stoppar opp for å sjå på ting eller kvile, blir ein fort litt kalde. Når ein har det  godt og varmt er det herleg å vere lenge ute!

Helsing Unni Berge

Altså:

-Tirsdager i juni, juli og august.

-Start frå parkeringsplassen på Greidung kl. 11.

-Vi brukar max 5 timar på turen, mindre om veret er dårleg.

-Pris 300 kr. Kontant betaling ved oppmøte.    

Du treng ikkje melde deg på på førehand, men kontakt meg gjerne på tlf. 90952296om du har spørsmål om turen.   

thumb Utsikt over Erdalen bilde 1024
© Lorentz Hjelle 2015