Historie

Hjelle Hotel feira i 1996 100 års jubileum. Mang ein gjest har nytt den gode maten, dei soltørka kvite lakna, og følt omsorgen frå familien på Hjelle.

Vi har i dette skrivet prøvd å skildre noko av det spesielle ved hotellet på Hjelle, og setje dette i lys av historia forøvrig. Kildene er delvis henta frå Stryn bibliotek, frå årbøkene til Den Norske Turistforening, frå Hjelle Hotel si eiga boksamling og frå samtaler med familien som no driv hotellet. Det har vore inspirerande å føle Hjellefamilien si interesse for at noko av hotellet si historie på denne måten vert samla og skreve ned.

Til lukke med dei neste 100 år!


Oslo, 16. mai 1996
Trond Hjelle og Anne Mari Aamelfot


Gardbrukarsonen som gjekk sine eigne vegar

Thor (1863-1940) var berre 20 år gamal då han starta opp med handelsverksemd i "gamle buda" i 1882. Kolbein, far til Thor, ville vel helst at den unge sonen skulle verte gardbrukar og ikkje handelsmann. Men Thor gjekk sine eigne vegar, på tvers av det som var vanleg for odelssønene i bygda. Dei tekniske nyvinningane på siste halvdel av 1800-talet og alt det førte med seg av tiltakslyst slo tidleg rot i den unge handelsmannen. Ved sida av tiltakslysta hadde han idear, vilje og pågangsmot nok til å setje i gong vidløftige prosjekt, mellom anna å byggje Hjelle Hotel. Men før dette prosjektet reiste Thor rundt på gardane i distriktet og kjøpte opp varer som han tok med seg til Bergen. Der bytte han til seg sukker, salt og andre varer som han fekk avsetnad på i heimbygda. Han var nok ein rettskaffen mann, for dei pengesterke grossistane ga den unge fjordingen kreditt.


Han var ein av dei første som fekk handelsbrevet (1885) i Stryn. I følgje lova på den tida måtte dei som dreiv med handelsverksemd og leige ut husrom til ferdafolk.


Naturomgjevnaden sett med turistane sine auge

Dei første turistane kom til Hjelle med dampbåten "Fridtjov Nansen", tidleg i 1890-åra. Den gongen var det ikkje anna enn enkle stovehus og løer der ved nordenden av Strynsvatnet. Frå strandkanten kunne turistane sjå mot Tindefjella i sør, ei rad med nunatakker omkransa av snø og is. Den høgste av dei stig 1775 meter til vers. Sjølvaste W. C. Slingsby, ein av dei fremste klatrepionerane, prøvde å kome seg på toppen, men måtte gje opp. Mot vest ligg Skåla (1848 m.o.h) som ein kvit pyramide over dei andre fjella. I 1891 vart Skålatårnet bygd med meter-tjukke steinmurar i to etasjar på toppen av Skåla. Lenger mot vest kunne turistane feste blikket på den karakteristiske Breifonna. Ein bratt hengebre med Storskredfjellet bakom. Nedanfor dei svarte tindane, snøen og blåisen skiftar fargane til grønt i alle sjatteringar - frodig vegetasjon i eit kulturlandskap prega av små slåtteteigar, åkerland og gardstun på rekkje og rad. Alt dette spegla seg i det turkisblå Strynsvatnet. Rett bakom gardshusa på Hjelle, mot aust kunne dei sjå mot Hjellehynna (1300 m.o.h) som ein svart vegg. Sjølv om ikkje dei såg mot aust kunne dei høyre dette fjellet, enten det var stein som ramla, snøfonner som gjekk eller kastevindar frå breen som slo mot bergveggen.


Naturomgjevnaden er prega av store kontrastar og gjorde sterke inntrykk. Storslått og vakkert i turisten sine auge. Men for dei som dyrka jorda kunne det vere nokså arbeidsomt å måtte rydde åkerland for grus og stein år etter år med skred og flaumstore elvar.


Betra kommunikasjon ga grunnlag for hotelldrift

Thor skjøna truleg at naturomgjevnaden gjorde inntrykk på utlendingane, og han la nok merke til den aukande turisttrafikken langs Nordfjorden. Planen om å byggje veg over Strynefjellet ga nye moglegheiter. Thor såg dette tidleg, og allereie to år etter at vegen over fjellet opna for trafikk, stod Hjelle Hotel ferdig i 1896. Det første året leigde han ut hotellet til sogningen Fortun. Alt året etter overtok Thor drifta saman med Arne Berstad. Dei dreiv hotellet i fleire år. Far til Thor, Kolbein, var truleg ikkje einig med sonen i storsatsinga. Det kunne gå gale, og han frykta vel at sonen ein dag ikkje hadde pengar til å betale kreditorane. Han overførde likevel skøyte på garden til Thor, men med klausul om at sonesonen, det vil seie sonen til Thor, hadde rett til å kjøpe garden for kr. 2500.


Strynefjellsvegen førte med seg både hotelldrift og transportbehov. Dei første 15 åra etter at vegen opna fekk dei reisande tilbod om hesteskyss over fjellet. Thor bygde stall og leigde inn både hestar og kuskekarar, men ganske raskt tok bilane over.



Familie og tenestefolk

Thor fekk etterkvart stor familie. Han gifta seg meg Kristi Lasse-dotter Folven i 1889. Dei fekk sju born: Dorthe (1890 - 1967) , Elvina (1892 - 1968), Kolbein (1894 - 1965), Lovise (1896 - 1985), Lorentz (1899 - 1964), Ida (1901 - 1995) og Kristine (1902 - 1987). Etterkvart som borna vaks opp, måtte dei tenestegjere på hotellet, butikken eller på garden.


Dorthe vart send til Oslo for å gå i kokkelære hos Henriette Schønberg Erken. Deretter arbeidde ho på hotell i England, før ho vende heim til Noreg. Etter ei tid på austlandet kom ho tilbake til Hjelle og vart kokke på hotellet. Ho lika å lage god mat, og ho var glad i folk. Elvina fann inspirasjon i naturen og ho vevde vakre bilet-tepper. I spisesalen kan ein sjå ni av desse kunsverka.


Kolbein dreiv garden heile tida, men fekk først skøyte i 1951. Lovise vart sendt til Oslo for å tenestegjere som hushalderske. Då ho kom attende til Hjelle, fekk ho særskilt ansvar for spisesalen. Ida hadde hovedansvar for at gjesteroma vart gjort reine og at sengene var oppredde. I tillegg vaska ho tøy og var med på kjøkkenet dersom ho hadde ledig tid. Både Ida og Lovise arbeidde heile sitt yrkesaktive liv på hotellet. Yngstedattera Kristine gifta seg og flytte ut av hotellet, men ikkje frå Hjelle. Det var til slutt Lorentz som måtte ta over hotellet. Han skaffa seg hotellfagbrevet og overtok drifta i 1933.


Lorentz Hjelle (1899-1964)


Lorentz gifta seg med Johanne Severine Rasmusdotter Kirkhorn (Hanna) i 1928 og dei fekk borna Thor, Rasmus Olav, Kristi Nanna Elisabeth og Elisabeth Kirsten Johanne. Dei har alle tenestegjort på Hjelle, for det var alltid oppgåver som venta både på hotellet og i butikken eller jamvel på garden til onkel Kolbein. Kona til Lorentz, Hanna, overtok som kokke etter Dorthe, og førte vidare tradisjonen med skikkelig god mat. I tillegg til alle pliktane som både kokke og mor hadde Hanna overskot til å drive med veving og handarbeid. Ho har veve alt frå dreielsdukar til golvteppe. Mange av teppa hennar prydar veggane på hotellet i dag.


Thor overtok hotellet i 1952. Han gifta seg med Oddny Elise Thun i 1957. Dei fekk borna Johanne Rikka, Rita Elvina, Astrid Louise, Lorentz Kolbein og Nanna Elisabeth. Dei har på lik line med tidlegare generasjonar teke del i drifta. Oddny tok over etter Hanna, og ho har sørga for at tradisjonane er halde i hevd fram til i dag. I år er det atter eigarskifte i det Thor gjev roret over i hendene på sonen Lorentz Kolbein Hjelle (f. 1962).


Sveitserstil og Rosehage

I 1996 er det 100 år sidan Hjelle Hotel sto ferdig. Hotellet ligg i austenden av Strynsvatnet i Stryn kommune, midt mellom kommunesenteret Stryn og Strynefjellet. Hotellet har enkel standard, men det kombinerer moderne komfort med gammal norsk kulturtradisjon. Hotellet har mange salongar, ein i gammal stil, peisestove, møterom og ein stor spisesal med plass til 100 gjester.

Den eldste delen av Hjelle Hotel er bygd i Sveitserstil, slik som mange andre trehotell på Vestlandet frå same tidsrom. I ein avskrift av Branntakstprotokoll for Stryn 1872-1937 finst det ein del informasjon om hotellbygningen då den var nybygd i 1896.



Hotellet var ein toetasjes bygning med loft oppført i tømmer og tre-toms plankar stående på ein kjellaretasje av naturstein. Taket var dekt med skifer frå Voss. Lengden på huset var 16,50 meter, breidda var 9,25 meter og høgda frå grunnen var 8,35 meter. Kjellaren var delt inn i fire rom, med mellom anna eit rom med kokeovn og eit rom med bakarovn. Stove-etasjen hadde altan mot syd og steintrapper frå altanen og ned i hagen. I tillegg til spisesal, kjøkken, spiskammer og anretningsværelse var det ein salong med eit sideværelse mot aust. I tredje etasje var det ti soverom utan ovn. I loftsetasjen var det og ti soverom uten ovn. Mot nord var det ei stor ark uten altan. Mot syd var det og ei stor ark med ei lita ark på kvar side.


Det skjedde små endringar på hotellet i dei første 60 åra med unntak i 1928 og 1933 då spisesalen vart utvida med eit tilbygg på grunn av stor vekst i talet på gjestar som var med på dei såkalla overlandsturane. I 1928 fekk og hotellet glassveranda mot aust.


Det rommet som best er teke vare på i sveitserstilen er salongen. Når ein kjem inn i dette rommet, gjennom dei høge dørene, blir ein møtt av ein lun atmosfære. Treveggane er olja og golvet er teppelagt. Møblane er i mørkt treverk og stolane er trekt med fløyel. I sofaer og stolar er det rikelig med broderte puter. På veggane heng det både fotografi, oljemaleri og ein stor biletvev. Ellers er det vevde portierer inn mot røykesalongen og blondegardiner. Over eit stort rundt bord heng krystall-krona. På veggane heng det lampettar i messing og med stoffskjermar. Den store dekorative pynte- vasen i sølv på det runde bordet og pynteting spreidd på dei andre borda høyrer med til stilen. Det store, mørke pianoet med feste for levande lys, den høge etasjeovnen og den høge Consol-spegelen er og ein del av sveitserstilen. Grøne planter rundt omkring i heile salongen, på bord og i vindaugskarmar høyrer og med.


Bilde frå 1895 ved oppstarting av bygginga av hotellet


Hotellet har proporsjonar og ornament som tyder på at det har vore ein dyktig fagmann som har planlagt bygningen. Hotellet har likskap med mange andre hus i Indre Nordfjord, som vart bygd frå 1890 til 1910. Arkitekten for desse bygningane var Lars N. Sølvberg. Han var ekspert på sveitserstilen og det er grunn til å tru at han og teikna Hjelle Hotel.


Hagen vart opparbeida etter at hotellet opna. Thor fekk fylkesgartnar Stedje frå Sogn til å planleggje hagen. Thor var sjølv svært interessert i roser, og det er framleis mange som hugsar den fantastiske rosehagen. Det står skreve om rosehagen mange stader. Når det var fint ver fekk gjestene servert kaffen sin her.


I tillegg til roser var det alle mulige slags prydvekster i hagen; sypressar, pioner, spirea med fleire. Fylkesgartnaren fekk poda syrenbuskene slik at det både var kvite og lilla blomar på trea. Ein stor sørgepil framfor hotellet ned mot vatnet står framleis til glede for turistane. I tillegg til alle prydvekstane var det og nyttevekster. Mellom anna var det ein stor frukthage og det var bærbusker langs vatnet. Bær og frukt var viktige som del av hushaldninga til hotellet.


Nybygget

Turisttrafikken tok seg enda meir opp og hotellet vart altfor lite. Planen om utviding vart realisert, og i 1963 sto nybygget ferdig. På grunn av at det var vanskeleg å få lån og på grunn av nye, strengare brannforskrifter vart hotellet bygd i mur og i ein stilart som var moderne på 60-talet. Det vart no 55 senger på hotellet, og ein sto godt rusta til å ta imot nye gjester og enda større utfordringar. I tillegg til fleire sengeplassar fekk hotellet eit nytt og moderne kjøkken og ein stor spisesal med plass til 100 gjester. Dette kom godt med når ein tok i mot bussturistar på veg til Geiranger. Talet på gjester som nytte dagane i skibakken på Tystigen auka og på denne tida.


I 1972 fekk Hjelle Hotel status som turisthotell og det vart ikkje lenger nødvendig å søkje om skjenkeløyve for øl og vin kvart år.


Utviding og modernisering

I 1992 var det behov for ytterlegare utvidingar og modernisering. Det vart bygd motell ute på odden vest for hotellet. I tillegg til 12 nye dobbeltrom med eige bad vart det bygd sauna, vaskerom og møterom. Ytterlegare vekst i talet på skituristar, både enkeltgjester og utallige skigrupper og landslag gjorde dette nødvendig. Tilsammen inneheldt heile komplekset no 62 senger fordelt på enkeltrom og dobbeltrom.


I 1995 og 1996 har hotellet vore gjennom ein modernisering der målet har vore å finna attende til det opprinnelige miljøet i den gamle bygningen og friske opp romma i "nybygget" fra 1962. Mange av dei gamle, fine møblane og bileta har kome på plass at både i resepsjon, opphaldsrom og i korridorar til glede for gjester og vertsskap.


Gjestene

I dei gamle gjestebøkene kan ein sjå at gjestene kom frå alle kantar av verda og det ser ut til at dei fleste kom frå det øvre sosiale lag. Vi finn kvinner og menn i alle aldre, born og gamle, einslege og familiar. Dei fleste gjestane har truleg vore på gjennomreise, men enkelte har og brukt Hjelle Hotel som utgangspunkt eller som avslutning på turar over fjellet eller breen. Her er nokre eksempel på mangfaldet av gjester gjennom tidene.


Pionerane

Stryneelva som lakseelv var for lengst oppdaga av engelske lakselordar og pensjonerte engelske militære som hadde nok av både tid og pengar. Jostedalsbreen og fjellheimen aust for Stryn tok til lokke folk både frå inn- og utland. I midten av august i 1898 var bergensaren Kristian Bing gjest på Hjelle Hotel. Han skulle gå Jostedalsbreen på langs sammen med cand. jur. E. Joys. Første stopp på den lange turen var Sunndalsetra, der dei fekk med seg smør og fløyte som niste. Etter nokre dagar på breen enda dei i Fjærland heilt sør på breen. Kristian Bing har i ettertid fått oppkalt etter seg ein iskuppel som ligg på ryggen mellom Oppstryn og Bødalen og ei vindgryte som ligg på det smalaste av breen vest for Langedalsbreen. Bings kuppel og Bings gryte er i dag kjende landemerke på breen.


Dei Kongelege

Mange kongelege personar har vore gjester på Hjelle Hotel gjennom tidene. Kong Oscar II og kronprins Gustav besøkte Hjelle i 1896, den aller første driftssesongen. Året etter, i 1897 var prins Karl og prinsesse Ingeborg på besøk. Seinare har både kong Leopold av Belgia, Kongen av Siam og dronning Wilhelmina av Nederland med mann og arveprinsesse vore gjester på hotellet.

Dronning Wilhelmina og familien hennar var fleire gonger på besøk. Første gong var i 1921, og siste gong var i 1955, like før ho døydde. Ho etterlet seg mange fine antikvitetar på hotellet; eit skap med Delft-porselen, sølvfasanar til salt og pepper og ein akvarell ho hadde måla sjølv. Ho likte seg særleg godt på Hjelle Hotel, og satte stor pris på familien. Ho reiste mykje rundt i Noreg og ellers i Europa, og reklamerte for Noreg og den fantastiske naturen.


Julehelsing frå dronning Wilhelmina jula 1959. Akvarellen har ho måla sjølv


Eventyrarane

I 1919 beøkte ein overlærar J. Caspari frå Hamar Hjelle fleire gonger. Han brukte hotellet som utgangspunkt for turar i fjellheimen. Ein gong skulle han vidare til Greidung, truleg for å ta seg opp på Jostedalsbreen sammen med patentførar Rasmus Greidung, som var gardbrukar innerst i Erdalen. Framleis driv sonen Tor Greidung føring på breen. Han har i dei siste åra gjort turen frå Vetledalseter over til Slæom og tilbake som si spesialrute. I 1920-åra var det fleire grupper av nordmenn som overnatta på hotellet etter å ha gått frå Pollfoss gjennom Raudalen og over Kamperhamrane til Sunndalen. I 1937 kom tre damer i følgje over breen frå Styggevasshytta. Som så mange andre avslutta dei turen på hotellet.



Cruiseturistane

Dei såkalla overlandsturane ga i periodar viktig bidrag til drifta av hotellet. Dette var cruiseskipturistar som kom i store følgje med skyssbilar. Dei fordelte seg på fleire hotell og vart servert lunsj før dei drog vidare over Strynefjellet til Geiranger. Fast meny for desse gjestene var kokt laks til middag og jordbær til dessert. Dette er framleis ein populær lunsj- og middagsrett på hotellet. Like tradisjonelt var det at kaffe og kaker vart servert i hagen, dersom veret tillot det. I periodar ser det ut til at overlandsturane var den viktigaste inntektskjelda til hotellet, då gjesteboka i nokre periodar var tynnare enn ellers.


Cruiseskip ankra opp i Lobukta i indre Nordfjord



Trufaste gjester

Men hotellet hadde og ein del fastbuande gjester. Spesielt var det mange tyske, hollandske og norske familiar som kom igjen år etter år. Det var og reiseselskap med faste turopplegg med overnatting på hotellet. Eit eksempel på dette er eit belgisk reiseselskap som årlig arrangerte turar til Oppstryn. Gjestene budde fire dager på Hjelle, og tok ekskursjoner derfrå.


Gjester under krigen

Turistane forsvann med krigen, men hotellet fekk andre gjester. Det kom folk frå dei store byane som budde der i lange periodar, spesielt frå Bergen og Ålesund. Mange familiar frå byen plasserte ungane sine på hotellet. Der var det trygt, og der var det mat å få. Det var ikkje alle gjestene som kunne betale for seg, men Lorentz var ein romsleg kar som hadde vanskar med å seie nei. På den måten fekk han etterkvart mange i kosten. Under krigen vart det vanskeleg å skaffe mat til dei som budde på hotellet, men han hadde eit godt forhold til folk i bygda, og fekk derfor nok mat til gjestene og familien.


Skituristar

Skituristane er i dag ein vesentleg del av inntektsgrunnlaget til Hjelle Hotel. Strynefjellet har sidan 1950-talet vore attraktivt for skifolk. Stein Eriksen, og mange med han, skapte liv og røre i området. Stryn sommerskisenter med skiheisar på Tystigbreen og preparerte bakker og løyper legg til rette for gode treningstilhøve for aktive alpinistar, telemarkskøyrarar og langrennsløparar. Mange landslag har vore gjester på Hjelle Hotel på grunn av tilbodet på Tystigbreen.


Båtane på Strynevatnet

Stryn formannskap drøfta på slutten av 1880-talet eit vegprosjekt langs Strynevatnet frå Mæland til Hjelle, men fianansieringa lot vente på seg. Det vart med draumen, førebels. Interessa gjekk i staden i retning av å skaffe ein større dampbåt på Strynsvatnet, noko som ville vere til stor nytte for gardbrukarane kring vatnet, men som og kunne vere ein stor attraksjon og ei unik naturoppleving for dei mange turistane som reiste gjennom bygda. Thor Hjelle, som på den tida dreiv landhandel på Hjelle, var ein av pådrivarane for å betre kommunikasjonen i Oppstryn.


"Fridtjof Nansen" vart sett på vatnet i juni 1891. Den første turen gjekk 28. juli samme år frå Mindresunde til Hjelle via Veslebygda og Flo. På Hjelle vart båten tatt i mot med dundrande salutt, og det vart servert middag og det vart halde talar. Middagen vart truleg servert i ei eller anna storstove i Hjelletunet, for hotellet var enda ikkje bygd.


Rutetabell for Fridtjof Nansen frå 1898


Dampbåten "Fridtjof Nansen" trafikkerte mellom Mindresunde og Hjelle heile året. Kapteinen, på folkemunne kalt "Batalde-Lars", var ein erfaren fjellklatrar og ein god venn av W. C. Slingsby. Dei første 9-10 åra vart det brukt kol til fyring, og røyken låg svart og tjukk etter båten. Etter kvart gjekk ein over til å fyre med bjørkeved og dampen vart lysare. Staten ytte årleg tilskot dei første 10 åra. Seinare kom det tilskot frå postverket, som brukte båten som postbud. ¯konomien i båtselskapet var relativt god, men dei siste 10-12 åra til "Fridtjof Nansen" var vanskelege. Den siste turen var i juli 1939. Båten vart fortøyd ved bryggja på Hjelle. Der vart han liggande til han sokk.


Turisttrafikken auka, og rutebåten tok mest omsyn til bygdefolket sitt behov. Rutetidene passa dårleg for turistane. Thor og nokre til kjøpte derfor ein ny båt med navnet "Tourist" i 1907. Båten gjekk parallelt med Fridtjof Nansen i 12 år, fram til 1919. Det hende at båtane køyrde om kapp på Strynsvatnet. Thor Hjelle var ein framsynt mann og selde ikkje aksjane sine i dampskipsselskapet på trass av at han no hadde sin eigen båt. Vegen frå Meland til Hjelle vart opna for trafikk i 1923 og draumen frå 1880-åra gjekk i oppfylling.


Frå kjerreveg til køyreveg

Inntil vegen gjennom Videdalen mellom Stryn og Grotli vart opna, gjekk samferdsla mellom aust og vest gjennom Sunndalen-Raudalen til Skjåk. I følge Kong Sverres saga sendte Bisp Nikolaus i år 1197 ein baglerflokk frå Oppdal over fjellet til Nordfjord, dei gjekk gjennom Raudalen og over Kamperhamrane. Her går stien delvis i trapper som er bygd av den Lærdalske Skiløberbatallion. Lærdølene reiste frå krigstenesta under krigen (1808-1814) for å vere med på våronna heime i Lærdal. Som straff vart dei sett til sti- og vardebygging på ruta mellom Sunndalen og Skjåk.



På grunn av dårleg kommunikasjon og manglande vedlikehald på vegane tok det ei tid før turisttrafikken tok seg opp i den indre delen av Nordfjord. Strynefjellsvegen vart opna i 1894. Sjølv om vegen langs Strynsvatnet ikkje var ferdig før i 1922, var det stor ferdsel over fjellet. Hjelle var utgongspunkt for trafikken vestanfrå. Her var det liv og røre når båten la til bryggja og det kunne verte kamp om turistane. Thor bygde stall for hestar og leigde inn skysskarar frå bygda. Det var nok slitsamt for hestane å ta seg opp til Tystigen, men då var det tyngste gjort. Frå Hjelle til Grotli er det omlag fire mil og nesten det same derfrå til Geiranger. Dersom dei ikkje fekk passasjerar på tilbaketuren over fjellet fekk dei lov til å returnera same dag, ellers ikkje. Hestepolitiet som var stasjonert på slike "sterkt trafikkerte stader" passa på at reglane var heldne, og bøter kunne ta fortenesta for fleire dager. Frå 1901 var det stasjonert dyrlege på Grotli for å ha tilsyn med skysshestane.


Bilane tok etterkvart over for hesteskyssen. Og alt i 1913 var det organisert biltrafikk fire gonger i veka mellom Geiranger, Hjelle og Dønfoss i Skjåk. Thor starta saman med Karl Mjelva skysslag som seinare fekk trafikkere heilt til Otta, og var forløparen til bilselskapet Otta - Geiranger - Stryn, OGS, skipa i 1920. Det seiest at folk i bygda vart åtvara om å ferdast på vegen då bilane kom køyrande nedover dalen. Ein av bilane som Thor kjøpte var ein Nash (1931-modell) med plass til sju personar og med ein åtte-sylindra motor og heile 16 tennpluggar. I dag er den staselege bilen nyrestaurert og Nashen vert framleis lagt merke til når han ein sjeldan gong er ute på vegen.



Det vart naturleg nok mykje samkvem mellom folket på Hjelle og folk frå Grotli og Geiranger. Men då vinteren kom vart vegen stengd og aktiviteten på begge sider av fjellet stilna av. Når våren kom deltok alle mannfolka i bygda med å måke opp vegen. Heilt fram til 1950 skjedde vegbrøytinga for hand.


Draumen om heilårsveg vart realisert i 1978. Den 17. oktober opna Kong Olav den nye Strynefjellsvegen for trafikk og ga auka aktivitet i bygda. Det vart lettare å utvide sesongen på hotellet og trafikken har auka jamt og trutt fram til i dag. Den 28. juni 1996 vil den nye tunnellen mellom Hjelledalen og Erdalen opne for trafikk, og då vert Hjelle skjerma frå gjennomgongstrafikken. Turistar som skal til Hjelle må då svinge av frå riksvegen og køyre gamlevegen eit par kilometer til Hjelle. Dette fører til eit nytt skifte for staden Hjelle, ei ny utfordring i ei ny tid, som truleg gjev nye moglegheiter for Hjelle Hotel.


Litteratur

  1. Berge, Kristian: Driftevegar og fedrifter frå Oppstryn i framfarne tider. I Årbok for Nordfjord 1961.
  2. Berge, Kristian: Turisferdsla med hesteskyss gjennom Videdalen i Oppstryn. I Årbok for Nordfjord 1963. Den Norske Turistforening: Til fots i fjellet, Oslo 1990.
  3. Den Norske Turistforening: Årbok 1889, Oslo 1889 Eide, Thor: Skysstrafikken 1890-1914. I rbok for Nordfjord 1973.
  4. Fridtun, Jon: "Dampskibet Fridjof Nansen paa Opstryns Vand". I Stryn Historielag 1992.
  5. Fridtun, Jon: "Dampskibet Fridtjof Nansen paa Opstryn Vand". (Andre artikkelen). I Stryn Historielag 1993.
  6. Gjestebøker for Hjelle Hotel 1908-15, 1919-23, 1923-28, 1936-45.
  7. Hellesnes, Ruth S. og Odd: Norske Turisthotellers forening 1930-80.
  8. Knagenhjelm, Wibeke: Tradisjonsrike turisthotell i Sogn og Fjordane. Oslo 1990.
  9. Langeland, Edvard:Brev til Thor Hjelle 26. april 1986.
  10. Reiselivet i Norge gjennom 50 år. Bergen 1953.
  11. Riise, Arill: Blå fjorder, blått blod. Oslo 1994.
  12. Ryssdal, Rolv: Ein juletur over Strynefjellet i 1947. I Jul i Nord fjord 1979.
  13. Sindre, Svein: Strynefjellsvegen 100 år. I årbok for Nordfjord 1994.
  14. Statens Vegvesen: Strynefjellsvegen 100 år, Lillehammer 1994.
  15. Statsarkivet i Bergen: Avskrift av Branntakstprotokoll for Stryn 1872-1937, folio 112.
  16. Stryn Historielag: Årsskrift 1994. Tveit, Olav Jakob: Indre Nordfjord, Oslo 1994
  17. Aaland, J.: Bygdeboksoga Innvik Stryn I, Ny utgåve.



© Lorentz Hjelle 2015